Vedtekter for UK
Vedtekt for
Ung kirkesang
Vedteken på Landsmøte 31. august 1997,
med endringar frå Landsmøte 18. april 1999, 22. april 2001,
17. april 2005, 21. april 2007 og 18. april 2009
§ 1 NAMN OG FORMÅL
1.1 Namnet på organisasjonen er Ung kirkesang.
Ung kirkesang organiserer barne- og ungdomskor i Den norske kyrkja og i andre kyrkjer det
er naturlig å samarbeide med.
Ung kirkesang består av stiftsforbund i dei einskilde bispedømme, samt Musica Sacra.
1.2 Ung kirkesang har som formål å bevara og fornya kyrkjesongen og
arbeide for at barn og unge får opplæring i kyrkjesong og liturgi.
1.3 Ung kirkesang er ein sjølvstendig og demokratisk organisasjon, som arbeider for å fremje
korsongarane si deltaking og innflyting i organisasjonen, i kyrkja og i samfunnet.
1.4 Ung kirkesang skal drive trusopplæring, vaksenopplæring og studiearbeid.
§ 2 MEDLEMSKAP
2.1 Medlemmene av Ung kirkesang kan være medlemmer av kor, korleiarar og andre som står
tilslutta dei einskilde medlemskora.
2.2 Medlemskor i Ung kirkesang skal være demokratisk oppbygd og skal sikre alle medlemmer over 15 år demokratiske rettar og plikter. Yngre medlemmer kan og ha demokratiske rettar og plikter. Det skal arbeidast for at alle medlemmer, også dei som er yngre enn 15 år, får innflyting, til dømes gjennom å bli tekne med på råd, foreldrestyre, e.l.
2.3 Enkeltpersonar som vil arbeide i samsvar med § 1, kan være støttemedlemmer, tilknytt dei
einskilde stiftsforbund.
2.4 Medlemskap blir oppretta ved å sende innmelding med vedtekt, oversyn over styre og betalande
medlemmer i koret til sekretariatet. Medlemskor skal ha styre valt av og blant medlemmene,
eventuelt blant foreldra til medlemmer under fylte15 år. Koret blir tilslutta det stiftsforbundet der det naturleg høyrer heime.
§ 3 KONTINGENT
3.1 Medlemskontingenten til Ung kirkesang sentralt og til stiftsforbunda unnateke Musica Sacra
blir fastsett av Landsmøtet.
3.2 Medlemskora krev inn korkontingent frå medlemmene i koret.
Sentral kontingent skal krevjast inn for kvart medlem ein gong kvart kalenderår, og skal vidarebetalast saman med stiftkontingent til sekretariatet i organisasjonen innan 1. november.
3.3 Stiftkontingenten blir betalt vidare til stiftforbunda innan 1. desember.
3.4 Medlemskora sender inn medlemslister med namn, adresser og fødselsdato for kvart medlem
samtidig med at forbundskontingenten blir betalt.
§ 4 LEIINGA I FORBUNDET
4.1 Ung kirkesang vert leia av:
a) Landsmøtet
b) Landsstyret
LANDSMØTET
4.2.1 Landsmøtet er Ung kirkesang sitt øvste organ.
Det er ordinært landsmøte annakvart år, i oddetalsår. Landsmøtet er sett saman av representantar frå stiftforbunda samt medlemmene i Landsstyret.
Styremedlemmene i Landsstyret deltar ikkje i Landsmøtet si handsaminga av Ung kirkesang sine årsmeldingar og årsrekneskap utover det å gi svar og komme med supplerande opplysningar til desse sakene når det er nødvendig. Elles deltar Landsstyremedlemmene i Landsmøtet med tale-, forslags- og røysterett.
4.2.2 Kvart stiftforbund kan sende 2 representantar til Landsmøtet:
I tillegg kan stiftforbund med:
- frå 15 til 25 medlemskor sende 1 representant i tillegg, altså 3 representantar
- frå 26 til 50 medlemskor sende 2 representantar i tillegg, altså 4 representantar
- meir enn 50 medlemskor sende 4 representantar i tillegg, altså 6 representantar
Kvar representant har 1 stemme.
Styret i kvart stiftforbund skriv ut fullmakt for sine representantar. Fullmaktene skal være innlevert til sekretariatet før opninga av Landsmøtet.
Dersom eit stiftforbund er mellombels ute av verksemd, kan medlemskora i vedkommande stift velje representantar til Landsmøtet.
Medlemskor i Ung kirkesang kan sende observatørar til Landsmøtet. Observatørar må vere betalande medlemmer, og møter på landsmøtet med talerett, men utan forslags- og røysterett. Observatørar må ha med fullmakt frå koret, og ha innbetalt landsmøtekontingent på førehand, for å få nytta taleretten.
4.2.3 Dato for ordinært landsmøte blir fastsett av Landsstyret og blir meddelt stiftforbunda innan 6 - seks - månader før møtedato.
4.2.4 Innkalling skal sendast til stiftforbunda med minst 1 månads varsel. Med innkallinga følgjer bl. a.:
a) sakliste
b) styret sine årsmeldingar
c) rekneskap
d) valnemnda sitt forslag
e) Ung kirkesang sitt handlingsprogram
f) budsjett
g) andre saksdokument
4.2.5 Ønskjer medlemmene i Ung kirkesang spesielle saker handsama på Landsmøtet, blir sakene fremja gjennom stiftforbunda. Slike forslag må være komne til Landsstyret seinast 2 månader før Landsmøtet.
Når det gjeld forslag til endring i vedtekta, gjelder i tillegg § 9.
4.2.6 Ordinært landsmøte fungerer etter særskilt vedteken "Forretningsorden", og skal bl. a. behandle:
a) styret sine årsmeldingar
b) revidert rekneskap
c) Ung kirkesang sitt handlingsprogram
d) budsjett
e) val av leiar
f) val av 8 medlemmer og 2 varamedlemmer til Landsstyret
g) val av leiar og 2 medlemmer til valnemnda.
h) val av revisor
i) kontingentsaker
j) andre saker, jfr. bl.a. pkt. 4.2.5
EKSTRAORDINÆRT LANDSMØTE
4.2.7 Ekstraordinært landsmøte blir innkalla dersom minst 2 stiftforbund eller Landsstyret krev det.
Fastsetjing av møtedato skjer av Landsstyret, likevel slik at ekstraordinært Landsmøte vert halde seinast 2 månader etter at krav om det er handsama av Landsstyret.
Når det gjeld representasjon m.v. gjeld pkt. 4.2.2, 4.2.4 og 4.2.6 så langt dei måtte passe også for ekstraordinære landsmøte.
LANDSSTYRET
4.3.1 Landsstyret er Ung kirkesang sitt høgaste organ i perioden mellom landsmøta, jfr. pkt. 4.2.1.
Landsstyret er sett saman slik: Leiar
8 medlemmer
2 varamedlemmer
Landsstyret sine medlemmer og varamedlemmer skal veljast blant medlemmene i Ung kirkesang.
Valperioden for leiar og styremedlemmer er 2 år.
4.3.2 Landsstyret, som konstituerer seg sjølv med nestleiar og arbeidsutval skal halde regelmessige møte.
4.3.3 Landsstyret
a) koordinerer arbeidet i forbundet,
b) representerer Ung kirkesang
c) førebur landsmøta og gjennomfører landsmøtets vedtak
d) oppnemner nødvendige underutval for bestemte oppgåver
e) vel redaktør til Ung kirkesang sine publikasjonar
f) fremjar gode kontaktar til kyrkjelege organ og andre samarbeidsparter
g) handsamar og legg fram årlige budsjett
h) godkjenner stiftforbunda sine vedtekter
i) tilset generalsekretær, og fastset instruks for denne.
4.3.4 Det blir ført møteprotokoll for alle møte i Landsstyret og underutval, jfr. pkt. 4.3.3 d). Protokollane vert godkjende i det følgjande møte.
4.3.5 Godkjende protokollar frå Landsstyret blir sende til Landsstyrets medlemmer, valnemnda, stiftforbunda og Norges Kirkesangforbund (NKSF).
§ 5 SAKSHANDSAMING I STYRET
5.1 Landsstyret kan ta avgjerder når minst halvparten av medlemmene er til stades.
5.2 Styret gjer vedtak i alle saker med vanlig fleirtal.
Ved likt stemmetal er det vedtatt som leiaren/møteleiaren har stemt for.
§ 6 SEKRETARIAT
6.1 Generalsekretæren er saman med styret ansvarleg for drifta av sekretariatet.
6.2 Generalsekretæren har innstillingsrett i styresaker, og har møte- og talerett i landsmøtet.
§ 7 STIFTFORBUNDA
7.1 Stiftforbunda tilslutta Ung kirkesang skal:
a) leiiast av:
- årsmøtet
- stiftstyret
b) arbeide for stiftet sine medlemmer, jfr. § 2, i samsvar med Ung kirkesangs formålsparagraf
c) utarbeide og vedta vedtekt i samsvar med Ung kirkesang si sentrale vedtekt. Desse skal godkjennast av Landsstyret, jfr. pkt. 4.3.3 i).
d) velje representantar til Landsmøtet, jfr. pkt. 4.2.2 og 4.2.7.
e) sende årsmelding, rekneskap og årsmøtereferat til Landsstyrets sekretariat innan 2 månader etter at det er halde årsmøte.
§ 8 PUBLIKASJONAR
8.1 Ung kirkesang gir ut medlemsblad som normalt kjem ut 4 gonger kvart år.
8.2 Landsstyret vel redaktør(ar) for medlemsbladet og andre publikasjonar, jfr. pkt. 4.3.3 e). Eventuelt vert det valt redaksjonsnemnder jfr. § 4.3.3.d.
§ 9 VEDTEKTSENDRINGAR
9.1 Forslag til vedtektsendringar må sendast Landsstyret via stiftforbunda innan 6 månader før Landsmøtet.
9.2 Landsstyret sender innkomne forslag, jfr. pkt. 9.1, med eventuelle merknader til stiftforbunda til uttale. Eventuelle fråsegner må være Landsstyret i hende seinst 3 månader før Landsmøtet.
9.3 Vedtektsendringar krev minst 2/3 fleirtal av dei avgitte stemmer på Landsmøtet.
§ 10 OPPLØYSING
10.1 Eventuelt forslag om Ung kirkesangs oppløysning skal handsamast på to ordinære landsmøte - og krev minst 2/3 fleirtal av dei avgitte stemmer på begge møte.
§ 11 AKTIVA
11.1 I tilfelle forbundet blir oppløyst, oppnemner landsmøtet eit interimsstyre som består av 3 medlemmer med varamedlemmer som bestyrer forbundets aktiva.
Er det ikkje innan 10 år oppretta eit nytt Ung kirkesang tilfell midlane Norges Kirkesangforbund (NKSF) øyremerkt barne- og ungdomskorarbeid. Dersom dette ikkje er mogeleg, kan midlane nyttast til det formål interimsstyret finn mest i samsvar med
§ 1 i vedtekta.