Korsommarskule for alle

Deltakarar som ikkje har råd til å vere med på korsommarskule kan i 2019 få dekka både opphald og reis.  Ung kirkesang har fått støtte frå Nasjonal støtteordning mot barnefattigdom, med kr 200.000.  Deltakarar som vil nytte seg av ordninga kan sende påmelding, og melde fra om at dei vil nytte seg av ordninga. Korleiarar kan også melde på som vanleg. Vi har fått støtte tilstrekkeleg til 50 viss det berre blir dekka deltaking, eller til ca 30 totalt dersom alle også skal ha reis. Reisetilskot kan dekkast fullt ut, på rimelegaste vis. Det er ledige plasser på både Lund, Mjuklia og Sangfesten.

Søknaden kan sendes til Nils Hidle