Korsommarskule for alle

Deltakarar som ikkje har råd til å vere med på korsommarskule kan i 2018 få dekka både opphald og reis.  Ung kirkesang har fått støtte frå Nasjonal støtteordning mot barnefattigdom, med kr 200.000.  Deltakarar som vil nytte seg av ordninga kan sende påmelding, og melde fra om at dei vil nytte seg av ordninga. Korleiarar kan også melde på som vanleg. Vi har fått støtte tilstrekkeleg til 50 viss det berre blir dekka deltaking, eller til ca 30 totalt dersom alle også skal ha reis. Reisetilskot kan dekkast fullt ut, på rimelegaste vis. Så langt har 15 deltakarar meldt at dei vil nytte ordninga, og vi har altså ledige midlar til 15 til. Det er ledige plasser på både Lund og Mjuklia. På Sangfesten i Harstad er det mogeleg å melde på fleire deltakarar frå lag som allereie har meldt seg på, men elles er det fullteikna der.