Frifond Ung Kirkesang

Frifond 2012

RETININGSLINJER FOR FRIFOND FRA LNU: KLIKK HER...

RETNINGSLINJER FOR FRIFOND UNG KIRKESANG:

Retningslinjer for bruk av Frifondmidler

Vedteke i Ung kirkesang Landsstyre 8. april 2011, med endringar av 19.11.11.

Overordna føring:

Ung kirkesang skal legge til rette for at medlemslaga (kora) kan få mest mogeleg aktivitet for frifondsmidlane dei får tildelt, og skal ha ein aktiv dialog med medlemslaga om støtta og bruken av midlane.

Ung kirkesang skal tilstrebe utbetaling av frifondmidlane så raskt som råd etter signert akseptskjema.

Ung kirkesang nyttar inntil 5% av frifondmidlane til dekking av administrasjonskostnad.

Forvalting og ansvarsområde:

Landsstyret vedtek retningslinjer og fordelingsnøkkel, og vel eit fordelingsutval med 3 medlemmer som forvaltar reglane, sakshandsamar fordeling, og er første klageinnstans. Dersom laget som klagar ikkje er nøgd etter klagehandsaming kan klage ankast inn for arbeidsutvalet. Dersom medlemslaget ønskjer å klage på avgjerda frå arbeidsutvalet, kan saka klagast vidare til landsstyret, som tek endeleg avgjerd i saka.

Fordeling:

Ung kirkesang fordeler midlane gjennom driftsstøtte og prosjekttøtte til medlemslaga (kora). Fordelingsnøkkel blir fastsett av landsstyret, som tek dette opp som sak kvart år. Desse retningslinjene skal reviderast dersom landsstyret gjer endringar i fordelinga. Vedtak om fordeling er vedlegg til desse retningslinjene.

Medlemslaga (kora) får kvart år melding pr e-post med kunngjering av frifondsmidlane og fordelingsnøkkel innan ein (1) månad etter Ung kirkesang får svar på søknaden frå LNU.

Aksept og utbetaling:

Før medlemslaga (kora) får utbetalt midlar skal dei signere eit akseptskjema der dei pliktar seg til å bruke midlane i tråd med Ung kirkesang og LNU sine gjeldande retningslinjer. Akseptskjemaet skal plikte medlemslaga til å signere på følgjande:

  • Midlane skal nyttast til aktivitet i medlemslaget og skal komme barn og unge under 26 år til nytte, eventuelle investeringar tilfell medlemslaget, og støtta som blir motteken kan ikkje nyttast i strid med dette formålet.
  • Medlemslaget skal gjere greie for bruken av midlane dei mottek frå Ung kirkesang gjennom rekneskap og gir innsyn dersom Ung kirkesang ønskjer å kontrollere vårt regnskap og vår bruk av støttemidlar.
  • Midlane skal ikkje:

• nyttast til å lønne fast tilsette, men kan nyttast til honorar.

• nyttast til innsamlingsaktivitet.

• nyttast til å bygge eigenkapital.

• nyttast utanfor Noreg

  • frifond kan ikkje nyttast i offentleg skule, offentleg kulturskule eller offentleg skulefritidsordning (sfo). Dersom aktiviteten er knytt til slike institusjonar, skal frifondbruken vere avgrensa til frivillig organisert verksemd i regi av medlemslaget, utanfor det som er offentleg ansvar.

Dersom medlemslaget ikkje bruker opp midlane skal disse tilbakebetalast til Ung kirkesang.

Før midlane kan utbetalast, må akseptskjemaet fyllast ut og signerast. Dersom skjemaet ikkje er returnert innan 1 månad etter at tilsagnet er gjort kjent, fell tilsagnet bort.

Rapportering og oppfølging

Fordelingsutvalet skal tidleg kvart år kreve inn årsrapport fra medlemslaga, der medlemslaga gjer greie for bruk av frifondsmidlane. Fordelingsutvalet skal gå gjennom svara, og dersom medlemslaga har ubrukte midlar, skal Ung kirkesang kreve desse tilbake. Dersom punkt i akseptskjemaet er brotne, kan Ung kirkesang kreve tilbake heile støttesummen. Fordelingsutvalet vedtek slik tilbakebetaling.

Fordelingsnøkkel, vedteken i Landsstyret 21-22. januar 2011, med endringar 19.11.11:

1. Frifondmidlane Ung kirkesang får til fordeling til medlemskora skal delast med omlag 2/3 fordelt etter medlemstal (driftsstøtte), og omlag 1/3 til prosjektstøtte.

2. Driftsstøtte: Midlane til driftsstøtte blir rekna ut etter talet på teljande medlemmer ved årsskiftet (pr 31.12.i grunnlagsåret, året før fordelingsåret).

 

3. Oppstartstøtte: Nyinnmelde kor og lag får halv støtte i oppstartstøtte. (Teljande lag som har rapportert minst 5 teljande medlemmer i grunnlagsåret får full støtte).

4. Prosjektstøtte:

Eit kor kan berre sende ein prosjektsøknad pr år.

Gode prosjekt er slike som er bra for korsongarane, for koret og for kyrkjesongen!

5. Prioriterte prosjektområde: I tillegg til ordinære prosjektområde, kan kvart kor få innvilga prioritert støtte til:

leiarutvikling, styrekurs mm: koret kan søke støtte til kurs og opplæring for leiarar og tillitsvalde samt til tiltak for styrking av og rekruttering til leiarmiljøet i koret.

 
Logg inn i nettbutikk