Vellukka songleir på Orreneset
Frå 28. juni til 1. juli var 34 born og ungdommar i alderen ni til tretten samla til songleir på Orreneset Misjonssenter. Leiren, som blei arrangert av Sykkylvskoret Kor Kjekt i samarbeid med Ung Kirkesang, blei en suksess. Somme hadde reist i åtte timar heilt fra Årnes for å delta, medan andre kom frå Sykkylven, Ørskog, Langevåg, Volda og Stranda. Alle koste seg i fire dagar, med song og aktivitetar.
Den fyrste dagen blei brukt til blikjend-leikar og øving. Deltakarane blei delt opp i grupper etter alder, så dei eldste fekk litt meir å bryne seg på. Nokre fekk og prøve seg på å syngje solo. Songarane lærte raskt, og kunne heile repertoaret utanat til konserten, noko som imponerte både dirigentar og tilhøyrarar. Dei kunne norske, engelske og latinske tekstar på rams, og både andre og tredjestemmer. I tillegg til øvingar med dirigent Randi Lundemo frå Trondheim og kantor Keith Dennis frå Årnes, var det lagt opp til ei rekke aktivitetar- som hesteriding, kunst på loftet og kanopadling. Nokre tok til og med mot til seg og bada, trass i knappe tolv grader i lufta... Mellom øvingane var det pausar som blei brukt til leikar og frukt-eting. Det var godt å røre litt på seg og få noko å ete når konsentrasjonen byrja å minke.
Kvar dag blei avslutta med kompletorium - ei kveldssamling «som gjer dagen komplett». Her vart det sunge salmar og kveldssongar med bøneledd imellom, og Trine Ramnefjell las dagens bibeltekst. Stemninga var god, og det var fint med ei roleg avslutning på dagen etter mykje leik og øving. Etter kompletoriet var det tannpuss, før leiarane gjekk rundt og song godnatt-songar.
Utanom Lundemo og Dennis, var Rose Iren Stave, kantor i Sykkylvskyrkja, på leiren og spelte og var med på innøving. Trine Ramnefjell var ansvarleg for kunsten, og Steinar Klokk tok seg av mykje av det praktiske. Sunniva Stave Overøye og Kristin Lundemo Overøye var med som ungdomsleiarar, og treivst saman med borna. Dei fekk og ansvaret for morgonreveljen, ei oppgåve dei gjekk i gong med med liv og lyst: Dei tok i bruk eigenkomponerte morgonsongar, gitar, grytelokk og vassprut for å vekkje morgontrøytte songarar. Klokka halv ni kvar morgon måtte alle vere klare i frokostsalen, og klokka ni starta dagens fyrste øving.
Torsdag var det vasking av hytter og generalprøve, før det vart konsert i Sykkylven kyrkje. Foreldre og syskjen og andre hadde møtt opp i stort tal. Konserten byrja stemningsfullt ved at songarane kom inn i prosesjon medan dei song Odd Johan Overøye sin «Laudate « frå verket «Il Pazzo». Seinare song dei eldste «Sound the Trumpet» av Henry Purcell, medan dei yngste song «Gloria Gloria» av Bjarte Sæter. Så fylgde flotte fellesnummer som «Hosanna» av Natalie Sleeth og «Exultate Jubilate» av Sommerro. Til avslutning song alle saman «O Happy Day» og «Soon and Very Soon», og fekk det verkeleg til å svinge i kyrkja! Songarane hadde øvd inn gospelteknikk og det høyrdest godt! Det var og svært tydeleg at songarane koste seg på kortribunene. Songgleda var stor, og tilhøyrarane fekk ei flott konsertoppleving. Etter fire hektiske dagar med øving var det flott å få vise kva ein hadde lært!
Etter desse dagane sit både leiarar og songarar att med eit særs positivt inntrykk, og håper at det vil vere mogleg å arrangere noko liknande neste år!
Kristin Lundemo Overøye
Korsongarene øver til konsert i Sykkylven kyrkje
